{"id":427,"date":"2026-08-18T10:19:42","date_gmt":"2026-08-18T08:19:42","guid":{"rendered":"https:\/\/site.nord.no\/spk\/?p=427"},"modified":"2026-08-18T10:22:38","modified_gmt":"2026-08-18T08:22:38","slug":"praktisk-kunnskap-og-danning","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/site.nord.no\/spk\/praktisk-kunnskap-og-danning\/","title":{"rendered":"Praktisk kunnskap og danning"},"content":{"rendered":"\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Uttrykket praktisk kunnskap har djupe r\u00f8ter i antikk filosofi. Som mange som f\u00f8lgjer forskingsgruppa v\u00e5r veit, nytta Aristoteles omgrepet fronesis om den klokskapen som gjer menneske i stand til \u00e5 vurdere, velje og handle godt i konkrete sosiale situasjonar. N\u00e6rt knytt til fronesis i antikkens Roma og Hellas, stod paideia, den kloke oppsedinga av barn og unge. Dette greske omgrepet kjenner vi i dag att i ord som danning og det tyske <em>Bildung<\/em>.<\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Innan forsking p\u00e5 praktisk kunnskap er vi opptekne av korleis d\u00f8mmekraft blir utvikla gjennom erfaring og i  m\u00f8te med andre menneske. Kunnskap handlar ikkje berre om fakta og teknisk eller instrumentell innsikt, men om korleis vi blir i stand til \u00e5 handle godt n\u00e5r situasjonar er samansette og utan ferdige svar.<\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Det er bakgrunnen for emnet i bokprosjektet&nbsp;<em><a href=\"https:\/\/www.waxmann.com\/buecher\/Virtus-et-Humanitas:-Bridging-Virtues-and-Values-of-Greco-Roman-Jewish-and-Christian-Paideia\">Virtus et Humanitas: Bridging Virtues and Values of Greco-Roman, Jewish, and Christian Paideia<\/a><\/em>, som nyleg er utgjeve p\u00e5 det tyske forlaget Waxmann. Dette er ei stor bok p\u00e5 nesten 1000 sider. I boka er det samla innlegg fr\u00e5 46 forskarar fr\u00e5 fleire land og fagomr\u00e5de i ein samtale om verdiar, dydar, danning og utdanning med utgangspunkt i gresk-romerske, j\u00f8diske og tidlegkristne tradisjonar. K\u00e5re Fuglseth har vore medredakt\u00f8r og medforfattar i dette omfattande arbeidet, saman med Gabriella Gelardini og Per Jarle Bekken. <\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Prosjektet tok utgangspunkt i ei enkel erkjenning: Mange av sp\u00f8rsm\u00e5la som opptek oss i dag, som fronesis, er ikkje nye: Korleis utviklar vi d\u00f8mmekraft? Kva slags verdiar b\u00f8r bere utdanninga og arbeidslivet? Korleis l\u00e6rer menneske \u00e5 leve saman trass i skilnader og utvikle oss som menneske? Slike sp\u00f8rsm\u00e5l var sentrale ogs\u00e5 i antikkens dygdsetikk. <\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">For forsking p\u00e5 praktisk kunnskap er slike sp\u00f8rsm\u00e5l avgjerande. Studiar av historiske tekstar gir sjeldan ferdige l\u00f8ysingar, men dei opnar nye perspektiv p\u00e5 utfordringar vi \u00f2g m\u00f8ter i notida.<\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Studiet av paideia er s\u00e5leis meir enn historisk interessant. \u00c5 studere det historisk handlar om \u00e5 utforske korleis menneske gjennom ulike tider har tenkt om danning, ansvar og klokskap. I ei tid prega av raske endringar f\u00e5r vi trur at dette hjelper oss til \u00e5 stille betre sp\u00f8rsm\u00e5l om kunnskap og dugleik, om kva slags menneske vi \u00f8nskjer \u00e5 vere, og kva slags samfunn vi \u00f8nskjer oss.\u00a0<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Uttrykket praktisk kunnskap har djupe r\u00f8ter i antikk filosofi. Som mange som f\u00f8lgjer forskingsgruppa v\u00e5r veit, nytta Aristoteles omgrepet fronesis om den klokskapen som gjer menneske i stand til \u00e5 vurdere, velje og handle godt i konkrete sosiale situasjonar. N\u00e6rt knytt til fronesis i antikkens Roma og Hellas, stod paideia, den kloke oppsedinga av barn [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":181,"featured_media":429,"comment_status":"closed","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[12,1],"tags":[44,43,42,45],"coauthors":[16],"class_list":["post-427","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-forskning","category-ukategorisert","tag-bildung","tag-danning","tag-fronesis","tag-kare-fuglseth"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/site.nord.no\/spk\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/427","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/site.nord.no\/spk\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/site.nord.no\/spk\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/site.nord.no\/spk\/wp-json\/wp\/v2\/users\/181"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/site.nord.no\/spk\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=427"}],"version-history":[{"count":5,"href":"https:\/\/site.nord.no\/spk\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/427\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":433,"href":"https:\/\/site.nord.no\/spk\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/427\/revisions\/433"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/site.nord.no\/spk\/wp-json\/wp\/v2\/media\/429"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/site.nord.no\/spk\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=427"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/site.nord.no\/spk\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=427"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/site.nord.no\/spk\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=427"},{"taxonomy":"author","embeddable":true,"href":"https:\/\/site.nord.no\/spk\/wp-json\/wp\/v2\/coauthors?post=427"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}