KI i skulen  

Når KI kjem inn i klasseromma, følgjer både nye moglegheiter og utfordringar. Odin (2024) viser til korleis Randabergskulen no vurderer å bruke KI-chatbotar som kan søkje direkte på nettet for å gje elevane oppdatert informasjon. Men med denne teknologien kjem fleire spørsmål: Korleis kan vi sikre kvaliteten på svara? Og er det trygt å nytte KI i skulen?  

Fleire kan tenkje at den enkle vegen er å halde seg unna KI i skulen. Gjennom å ikkje læra eller informera elevane om moglegheitene med KI slepp ein å ta stilling til eller bli utfordra i bruken av KI. Likevel handlar det om å følje med i tida og sjå moglegheitene som kjem. Dessutan har utdanningsdirektoratet tatt eit tydeleg standpunkt i diskusjonen om KI der dei heller ønskjer kompetanse ut til lærarprofesjonen enn at ein skal distansere seg frå den nye teknologien. Utdanningsdirektoratet (2024, s. 1) trekk fram korleis KI og bruken av KI kan vere med på å påverke arbeidsliv, skule og samfunnet elles. Utdanningsdirektoratet ser ut til å omfamne KI med å skape ein kompetansepakke for lærarar og skuleleiarar i arbeidet med KI. Gjennom kompetansepakken ønskjer utdanningsdirektoratet å auke kompetansen rundt bruk av KI hjå profesjonsfellesskapen på skulane rundt om i landet (Utdanningsdirektoratet, 2024, s. 1).  

Likevel kan det kome utfordringar med bruken av KI i skulen, lærarane må tileigne seg ny kompetanse som stadig er i endring, samstundes som elevane kanskje tileignar seg denne kompetansen enda raskare enn lærarane. Lirhus (2024, s. 9) trekkjer fram utrykket «KI- literacy» som eit omgrep ein kan nytte når ein skal ta i bruk kunstig intelligens i skulen. Vidare forklarar han korleis KI-literacy handlar om å både førehalde seg kritisk til bruken av KI og kunne nytte verktøyet på ein hensiktsmessig måte i skule og arbeid (Lirhus, 2024, s. 9). Gjennom å ha ei kritisk forståing av selskapa som står bak KI modellen, personvern og datalagring og korleis KI modellen faktisk arbeider, kan ein skapa eit grunnlag for å nytte KI på ein meir relevant måte enn dersom ein ikkje kjenner til omgrepet KI-literacy og nyttar KI heilt ukritisk (Lirhus, s. 9).  

Ser ein tilbake på ingressens kritiske spørsmål retta mot KI kan Lirhus sine betraktningar rundt KI-literacy skape ein større forståing og trykkleik blant lærarar, føresette, men også elevar i bruken av KI. Internettet gjev ein enorm moglegheit for enkeltindivid til å få stor rekkevidde og påverknadskraft. Noko som argumenterer for at omgrepet digitalt medborgarskap er meir relevant enn før (Lenz, 2020, s. 51-52). Gjennom å kjenne til kven som står bak KI modellen ein nyttar, korleis ein kan ta vare på personvern og lagring av data og korleis KI modellen arbeider for å skapa dei ulike produkta og svara ein spør etter kan ein skapa både ein betre tryggleik og kompetanse i bruken av KI i skulen. For å kunne skapa robuste digitale medborgarar i skulen kan ein vere avhengig av å stille seg kritiske spørsmål rundt bruken av internett og KI.  

Kjelder: 

Lenz, C. (2020). Demokrati og medborgerskap i skolen. Fagbokforlaget 

Lirhus, A. (2024). Kunstig intelligens i skriveopplæringen. Cappelen Damm. https://leser.ebok.no/track/1483154 

Odin (2024, 5. august). Neste steg for KI i Randabergskolen? IKT og skole. https://www.iktogskole.no/2024/08/05/neste-steg-for-ki-i-randabergskolen/ 

Utdanningsdirektoratet (2024). Kompetansepakke om kunstig intelligens i skolen. Utdanningsdirektoratet. 1-3. https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/digitalisering/kompetansepakke-om-kunstig-intelligens-i-skolen/#a194064 


Publisert

i

av

Stikkord: