
Prosjektet har til målsetting å få djupare forståing av sørsamisk historie og kultur. Dette prosjektet er ei undersøking av korleis sørsamisk minnekultur er forma, uttrykt, og brukt av ulike aktørar. Me har valt oss ut to spesifikke historiske tilfelle, der spørsmålet om gruppetilhøyre til urfolk eller nasjonalstat har vori særleg aktuelt. Det fyrste tilfellet er perioden med aktiv assimiliering/segregering av samar i dei skandinaviske nasjonalstatane. Det andre tilfellet er perioden 1939-45, da verdskrig og okkupasjon sette eit særleg skarpt lys på spørsmålet om borgarars nasjonale identitet.
Målsettinga med prosjektet er å analysere korleis sørsamisk identitet og minne har blitt skapt over tid gjennom forhandlingar mellom urfolksgruppa og den ikkje-samiske majoritetsbefolkninga. Me spør: Korleis har desse to kritiske punkta i sørsamisk historie blitt forstått, hugsa, tolka og brukt til å uttrykke idéar om sørsamisk identitet, anten det nå er innanfor det sørsamiske samfunnet eller i høve til storsamfunnet utanfor?
Prosessane, røynslene og responsen i det sørsamiske samfunnet blir sett i samanheng og samanlikning med andre samiske samfunn, og til liknande prosessar og utfordringar som andre urfolk har gått gjennom i Canada og USA.
Me skal samle inn og analysere tre hovudtypar av datamateriale: kvalitative intervju, historiske arkivkjelder, og historiografiske tekstar, forteljingar og analysar. Teoretisk kjem prosjektet til å søkje å byggje bruer mellom moderne minneteori til urfolksstudier.
Les meir om prosjektet her: nord.no/millioner-til-a-forske-pa-sor-samisk-minnekultur
Delprosjekt
>> Assimileringsprosessar: Sørsamiske erfaringar og motstandsstrategiar