Sørsamar og den andre verdskrigen

Den andre delen av prosjektet vil undersøke på kva måte og i kor stor grad den andre verdskrigen verka inn på urfolksidentitetar. Eit hovudmål er å sette dei sørsamiske opplevingane inn i ein global samanheng, og studere desse i lys av komparative perspektiv. Særleg vil me trekke inn røynslene til urfolk i Nord-Amerika. 

Under den andre verdskrigen var mange representantar frå ulike urfolk engasjert i krigføringa. Dels deltok dei i ålmenne avdelingar i militære styrkar, dels blei det oppretta eigne avdelingar. Mange var engasjert i ulike former for motstandsarbeid på andre måtar – som i det nazi-okkuperte Noreg. Slik blei menneske som ofte kan ha identifisert seg lite med nasjonalstaten, likevel dregne inn til å kjempe for ein nasjonalstat i denne globale konflikta frå Europa til Søraust-Asia, frå Afrika til Stillehavet. Somme urfolk blei dregne inn i militærteneste,  andre gonger kom krigen til dei i form av invasjonar. I kor stor utstrekking, og i kva former blei menneske frå dei sørsamiske samfunna dregne inn i krigen? I kor stor grad og på kva måte blei borgarar frå urfolkssamfunn råka eller dregne inn som sivilbefolkning globalt sett, og skilde deira opplevingar seg frå opplevingane til borgarar som ikkje høyrde til urfolkssamfunn? 

I mange tilfelle førte verdskrigen med seg mistankar om at urfolk kanskje ikkje kjende dei same lojalitetsband til nasjonalstaten som andre borgarar, og at dette kunne representere eit trugsmål. Dette kunne bygge på anten gamle historiske motsetnader, eller det kunne bygge på at urfolkas tradisjonelle territorium gjerne gjekk på tvers av grensene til nasjonalstatane. Korleis verka andre verdskrigen inn på opplevinga av sørsamars identitet i så måte? Korleis har minna om sørsamisk krigsengasjement blitt teke vare på i og utanfor sørsamiske samfunn, og korleis har desse minna verka?