Assimileringsprosessar: Sørsamiske erfaringar og motstandsstrategiar

I Sverige var politikken retta mot den samiske minoriteten dels assimilering, dels segregering. Politikken retta inn mot den samiske gruppa i Noreg er ofte kalla fornorsking, sidan hovudmålsettinga var å fremje eit språkleg og kulturelt skifte i den samiske befolkninga, slik at dei blei fullt ut norske i språk, kultur og skikkar. Det viktigaste verktøyet i utøvinga av denne politikken var skulesystemet.

Det fyrste spørsmålet i dette delprosjektet er derfor: Korleis verka internatskulane i det sørsamisk området til å verka inn på utviklinga av sørsamisk kultur, språk og identitet, og korleis er desse røynslene og konsekvensane av desse prosessane forvalta av sørsamisk minnekultur? 

Ein viktig konsekvens av desse politiske prosessane var at overføringa av språk så vel som kulturell identitet over generasjonane blei sterkt svekka i dei sørsamiske samfunna, og språket var på veg til å forsvinne. Det andre spørsmålet i dette delprosjektet er derfor oppteke av kva for konsekvensar språktapet har hatt for den sørsamiske identiteten: Korleis er vala til tidlegare generasjonar, anten dei gjekk ut på å endre språk eller ta vare på det gamle, vurdert av ettertidas generasjonar? Og korleis og i kor stor grad var språklege val knytt til medvitne identitetsomsyn?

Det tredje settet av spørsmål undersøker kva for svar og strategiar det sørsamiske samfunnet møtte presset om assimilasjon og integrering med på eit kollektivt nivå. Når valde ein tilpassing, og når valde ein motstand? Og i eit minnekulturelt lys: korleis har sørsamisk identitet blitt forma og forhandla fram gjennom forvaltinga av desse historiske røynslene?