Av Anne Sofie Andaas Elgseter, 27. oktober 2024
Seminaret ved Universitetet i Split fokuserte på å betra forstå dagens studentar og dei utfordringane universitet står overfor i undervisninga.
Tilsette, fagmiljø og fakultet blir oppmoda til å oppretta kontakt med aktuelle miljø hos partnarar i SEA-EU for å utvikla samarbeid innan forsking, innovasjon, utdanning og andre område som kan gi utvikling for universitetet og fagområda i allianse-samarbeidet. Ansatteseminar (Staff week) er eit av tiltaka som tilsette i SEA-EU universitetsallianse kan delta på.
I september i år deltok eg på eit ansatteseminar ved Universitetet i Split. Formålet med seminaret var å læra å bli betre profesjonelle ved å få ei djupare forståing for studentar og noverande utfordringar, og å bidra til å utvikla institusjonane for å oppnå eit betre læringsmiljø for studentane. Eg søkte om Erasmus-midlar og til tilsegn på omkring halvparten av kostnaden med reisa, den andre kostnaden vart dekt av PLUS. Me var 3 administrativ tilsette som representerte Nord universitet på seminaret.
Seminaret vart arrangert ved Fakultet for humaniora og samfunnsvitskap ved Universitetet i Split. Deltakarane fekk innsikt i ulike aktuelle tema som inkludering, tverrgåande ferdigheiter, samskapingsprosess mellom studentar og lærarar, migrasjon, utvikling av kritisk tenking, sosialt ansvar etc. med sikte på å forbetra kvaliteten på den høgare utdanningsprosessen og nivået på samarbeidet med studentar.
Det er klare råd og retningslinjer for kva som er kvalitet i undervisninga. Utdanningskvalitet omhandlar forskingsbasert undervisning, retningslinjer i Universitets- og høgskuleforskrifta, ESG standardar, læringspedagogikk, fagmiljø, læringsutbyttar med meir. Men det er òg andre meir udefinerte forhold som også påverkar kvaliteten i undervisning, og dette var tema for fleire av innlegga på seminaret.
Skjult pensum (hidden curricula)
The hidden curriculum represents our expectations, attitudes, values, behaviours that are not defined by the formal curriculum. (sitat frå presentasjon ved Assoc. Prof. Morana Koludrović, PhD)
Skjult pensum var eit tema som vart presentert, og som gjekk igjen i diskusjonane fleire gonger i løpet av seminaret. Me drøfta kor medvitne me er på det me kommuniserer og som ikkje er ein del av pensum. Skjult pensum kan vera dei fysiske rammene, organiseringa av klasserommet og i kor stor grad me umedvite og medvite kommuniserer våre eigne verdiar og meiningar igjennom undervisninga. Vidare vart det drøfta om tverrgåande ferdigheiter (transversal skills) berre er ein del av det formelle pensumet, eller om me som universitet bør fremja denne typen ferdigheiter òg utanfor det formelle pensumet for å gjera studentane i betre stand til å møta ein røyndom i rask endring.
Seminaret bidrog til å skapa eit større medvit omkring dette for deltakarane, og det vart drøfta i kor stor grad me kan nøytralisera det «skjulte pensumet» og om det er formålstenleg å ha heilt nøytrale rammer. Kan det skjulte pensumet fremja eller leggja hinder for utvikling av kritisk tenking for studentane?
Å møta generasjon Z i dagens undervisning
Fleire av innlegga belyste ulike perspektiv på korleis verda og røyndommane er i rask endring, og det vart stilte spørsmål til korleis me som utdanningsinstusjoner kan møta desse utfordringane. Utfordringane som vart beskrivne var mellom anna tema innan berekraftsmåla, korleis me skaper inkludering og mangfald, utfordringar i møte med KI og eit raskt skiftande nyheitsbilete med potensielt falske nyheiter. Noko som spesielt vart drøfta i gruppa var korleis me møter generasjon Z.
Generasjon Z (ofte forkorta Gen Z) er eit omgrep som blir brukt om generasjonen fødd frå midten-slutten av 1990-åra til byrjinga av 2010-åra. Generasjon Z er generasjonen fødd etter millenniumgenerasjonen og før Generasjon Alfa. Menneske av generasjonen har ofte brukt moderne teknologi og internett store delar av livet, og har dermed god kjennskap og kompetanse på teknologi og sosiale medium. (wikipedia.org)
Dette er generasjonen for studentane me har i utdanningsløp ved universiteta våre i dag. I seminaret vart studentane beskrivne som digitalt svært dyktige, men med kort merksemdspenn og til dels mangla motivasjon til å stå i lange utdanningsløp. Eit viktig tema som kom opp og som det var ulike meiningar om, var i kor stor grad me skal tilpassa oss særtrekket til generasjonen.
Nokon deltakar på seminaret beskreiv korleis dei skreddarsydde undervisninga, og til dels pensum, til å ikkje krevja at studentane skulle følgja lange delar av undervisninga utan avbrekk. Formålet var å få studentane igjennom studiet, og det vart vist til ulike teknikkar og metodar for å endra undervisningsmetodikken i løpet av kvar forelesing for å kunna halda på merksemda til studentane. Andre problematiserte det å tilpassa seg generasjon Z for mykje, og at me som undervisarar bør krevja meir av studentane våre. Dette fordi når dei kjem ut i arbeidslivet, noko me skal førebu dei på, bør dei vera i stand til å fokusera på og setja seg inn i lengre tekstar, eller halda fokus over lengre tid.
- Det hadde vore interessant å læra meir om korleis dei som underviser studentar i dag stiller seg til desse temaa. Korleis forheld du det til dette?
Les meir her om ansatteseminar (staff week) i regi av SEA-EU her: https://sea-eu.org/staff-mobilities/