Senter for praktisk kunnskap

Praktisk kunnskap og danning

Uttrykket praktisk kunnskap har djupe røter i antikk filosofi. Som mange som følgjer forskingsgruppa vår veit, nytta Aristoteles omgrepet fronesis om den klokskapen som gjer menneske i stand til å vurdere, velje og handle godt i konkrete sosiale situasjonar. Nært knytt til fronesis i antikkens Roma og Hellas, stod paideia, den kloke oppsedinga av barn og unge. Dette greske omgrepet kjenner vi i dag att i ord som danning og det tyske Bildung.

Innan forsking på praktisk kunnskap er vi opptekne av korleis dømmekraft blir utvikla gjennom erfaring og i møte med andre menneske. Kunnskap handlar ikkje berre om fakta og teknisk eller instrumentell innsikt, men om korleis vi blir i stand til å handle godt når situasjonar er samansette og utan ferdige svar.

Det er bakgrunnen for emnet i bokprosjektet Virtus et Humanitas: Bridging Virtues and Values of Greco-Roman, Jewish, and Christian Paideia, som nyleg er utgjeve på det tyske forlaget Waxmann. Dette er ei stor bok på nesten 1000 sider. I boka er det samla innlegg frå 46 forskarar frå fleire land og fagområde i ein samtale om verdiar, dydar, danning og utdanning med utgangspunkt i gresk-romerske, jødiske og tidlegkristne tradisjonar. Kåre Fuglseth har vore medredaktør og medforfattar i dette omfattande arbeidet, saman med Gabriella Gelardini og Per Jarle Bekken.

Prosjektet tok utgangspunkt i ei enkel erkjenning: Mange av spørsmåla som opptek oss i dag, som fronesis, er ikkje nye: Korleis utviklar vi dømmekraft? Kva slags verdiar bør bere utdanninga og arbeidslivet? Korleis lærer menneske å leve saman trass i skilnader og utvikle oss som menneske? Slike spørsmål var sentrale også i antikkens dygdsetikk.

For forsking på praktisk kunnskap er slike spørsmål avgjerande. Studiar av historiske tekstar gir sjeldan ferdige løysingar, men dei opnar nye perspektiv på utfordringar vi òg møter i notida.

Studiet av paideia er såleis meir enn historisk interessant. Å studere det historisk handlar om å utforske korleis menneske gjennom ulike tider har tenkt om danning, ansvar og klokskap. I ei tid prega av raske endringar får vi trur at dette hjelper oss til å stille betre spørsmål om kunnskap og dugleik, om kva slags menneske vi ønskjer å vere, og kva slags samfunn vi ønskjer oss.