Kva er problemet med den kalkulerande rasjonaliten?
Motstanden mot den reint kalkulerande rasjonaliten, dvs. at ALT kan reknast på og formidlast i tal og nummer, har mange motstandarar. I Noreg kan vi føre diskusjonen tilbake til filosofen Hans Skjervheim som klokeleg skal ha sagt at det ikkje berre «er det som kan teljast, som tel».
I Sverige har vår svenske kollega i praktisk kunnskap, Jonna Bornemark (sjå biletet) skrive ei interessant bok om dette i synet på profesjonspraksis, her frå ei førelesing om dette på Universitetet i Oslo i 2023: https://www.uv.uio.no/forskning/grupper/humstud/arrangementer/bornemark-apen-forelesning.html. Boka heiter Det omäbaras renessans, eller «Renessanse for det som ikkje kan målast». Ho viser her til den tysk-italienske filosofen Nicholas Cusanius som mellom ratio og intellectus på latin. Ratio er den kalkulerande og forklarande prinsippet i medvitet, medan intellectus er den forståande.
I Tyskland har pedagogar med Malte Brinkmann i spissen gått til åtak på den same tendensen i tyske skular: «Messen macht noch keine Bildung», å måle er ikkje det vi blir danna av.
https://www.erziehungswissenschaften.hu-berlin.de/de/allgemeine
Dette gjeld for all forsking på profesjonspraksis: det vi kan måle og artikulere, vil alltid mangle det avgjerande for utøveren, det er alltid «berre halve soga», nødvendig, men ikkje tilstrekkeleg. I diskusjonen om akademisering av profesjonsutdanninga, er skiljet heilt avgjerande.
Kjelde: Bornemark, Jonna, Det omätbaras renessans. En uppgörelse med pedanternas värlsherravälde. Stockholm: Volante, 2018.
Innlegg av Kåre Fuglseth