Senter for praktisk kunnskap

Når forteljingar opnar for innsikt i profesjonspraksis

Senter for praktisk kunnskap samarbeider med SITRAP, eit senter for «framifrå utdanning» ved NMBU, Ås. SPK har vore med og studert kva arealplanleggarar lærer seg i praksis gjennom erfaring. Arealplanleggarar arbeider mest i offentlege stillingar, men også i private konsulentfirma og hos utbyggarar.

Erfaringane er formulert som forteljingar, altså praksisforteljignar. Slike forteljingar kjem frå kvardagen til profesjonsutøvaren. Målet med slik arbeidslivsforsking er å forstå kva som skjer når teori møter røyndom – og kva som formar klok og ansvarleg praksis.

Vi samla inn 45 praksisforteljingar frå folk med ulik bakgrunn og røynsle. Nokre av forteljingane er humoristiske, andre vitnar om frustrasjon, og fleire handla om etiske dilemma. Her er nokre døme:

  • «Vi sende inn ein plan full av feil» – og måtte ta konsekvensane. Det vart ei lærekurve for heile teamet.
  • «Ordføraren kom på døra» – og utfordra både fagleg sjølvstyre og rollene i prosjektet.
  • «Vi skreiv ei utgreiing som sa ‘nei’, men konklusjonen skulle vere ‘ja’» – og viste korleis politiske føringar kan stå i motsetnad til faglege vurderingar.
  • «Skulle eg hjelpe konsulenten?» – og kva det vil seie å gjere meir enn det som krevst, og vere ein god kollega.
  • «Nøye for å vere vanskeleg» – og korleis reglar kan brukast rigid, og kanskje til og med mot si hensikt.

Når vi manglar eit presist språk for det som skjer i praksis, kan forteljingar fungere som inngangsport til refleksjon. Dei gjev oss bilete av situasjonar som ikkje let seg fange i skjema eller sjekklister. I staden for å spørje «kva er rett å gjere her?» (som om det finst éin fasit), spør vi: «Kva skjedde her – og kvifor?»

Eit sentralt omgrep i dette arbeidet er svarevne – evna til å handle klokt i møte med det uventa. Omgrepet er forma av Anders Lindseth (prof. em. ved Nord universitet). Dette handlar ikkje berre om å kunne forklare seg, men om å forstå situasjonen og handle i tråd med det som trengst. Det er dette filosofen Aristoteles i dengreske antikken kalla fronesis eller praktisk klokskap. Det handlar om å gjere det rette, til rett tid og på rett måte, og er ein dygd, dvs. ein personleg eigenskap vi berre kan lære i praksis. .

Prosjektet viser mellom at i profesjonsutdanningane til planleggarpraksisen og i alle profesjonsutdanningas er det viktig å gje studentar høve til å øve på slike situasjonar. Det handlar ikkje berre om å lære teori, men om å utvikle dømmekraft. Forteljingar frå praksis kan vere eit nyttig verktøy i dette arbeidet – ikkje for å lære opp i «rett svar», men for å opne for refleksjon og samtale.

Samtidig viser fleire av forteljingane korleis strukturar og styring formar kvardagen. Siloorganisering, splitting eller atomisering av komplekse problem og politisk styring som reduserer fagleg fridom – alt dette dannas rammene for kva som er mogleg å gjere. Likevel er det i møtet med det konkrete, det uventa og det krevjande at profesjonsutøvaren må finne vegen vidare.

Forteljingane minner oss om at praksis ikkje alltid følgjer det som er planlagt. Men dei viser òg at vi kan lære mykje av å lytte til dei som står midt i dei daglege dillemaa. Dette handlar i stor grad om forsking som ønskjer å ta praktikarens erfaringar på alvor.

Kåre Fuglseth