Kåre Fuglseth: Professor i studiar av profesjonspraksis
Undervisning
Eg underviser i vitskapsfilosofi, studiar i profesjonspraksis og praktisk kunnskap, RLE-emna (religion, livssyn og etikk) og KRLE-faget i grunnskulen, fagdidaktikk.
Fagleg biografi
- Professor i studiar av profesjonspraksis og praktisk kunnskap i faggruppa Samfunnsfag og RLE ved FLU, Senter for praktisk kunnskap, Bodø, frå 2020.
- Lektorutdanning frå Universitetet i Trondheim i 1987 (filosofi, fransk, kristendomskunnskap med religionsvitskap og klassiske språk).
- Vit. ass. HF-fakultetet NTNU 1990-93 på eit NFR/NAVF-prosjekt om den gresk-jødiske filosofen og platonisten Filon frå Aleksandria.
- Doktorgradsstudent NTNU (1994-1998.
- Høgskulelektor på lærarutdanninga ved Høgskulen i Volda 1998-99.
- Tilsett ved lærarutdanninga i Bodø sidan 1999.
- Professor i fagdidaktikk 2008.
- Prof. II på lærarutdanninga ved Høgskulen i Trøndelag 2010-2012.
- Prodekan for forsking Profesjonshøgskulen, Universitetet i Nordland, 2012-2106.
- Programansvarleg for ph.d.-programmet Studiar i profesjonspraksis ved Nord universitet 2017-18.
- Dr. art. ved Religionsvitskapleg institutt, HF-fakultetet, NTNU 2002 med ein historisk-kritisk studie om tidleg jødedom og kristendom med religionssosiologisk blikk (Johannesevangeliet, Qumran-skriftene og tekstar av Filon frå Aleksandria).
- Forskingsopphald på École des hautes études en science sociales (Paris) og Allgemeine Erziehungswissenschaft(Humboldt-universitet i Berlin).
- 2024-2027 med i senteret SITRAP, NMBU (eit SFU- senter for framifrå utdanning).
Forsking
Forskingsinteressa mi er først og fremst på profesjonar i fagområdet praktisk kunnskap og på KRLE-faget i grunnskulen. Eg interesser meg innanfor profesjonsstudiar på forholdet mellom utdanning og utøving av ulike profesjonar («teori-praksis-problemet»). Det er forsking retta mot handlingsteori på mellomnivået (mesonivå) og grunnplanet (mikronivået) i yrkeslivet. Tilnærminga er ofte henta frå fenomenologisk basert sosialteori (Alfred Schütz).
Fem viktige publikasjonar
- Johannine Sectarianism in Perspective. A Sociological, Historical, and Comparative Analysis of Temple and Social Relationships in the Gospel of John, Philo and Qumran 2005, Brill Academic Publishers
- Exploring Practical Knowledge: Life-World Studies of Professionals in Education and Research 2023, Brill Academic Publishers: Cederberg, Carl; Fuglseth, Kåre Sigvald; Zande, Edwind van
- Avklaring og prøving: Filosofisk samtale og Tren tanken som utforskende arbeidsmåter 2022, Prismet: Volum 73 s. 99-115 Børresen, Beate og Fuglseth, Kåre Sigvald
- Blind pedagogikk? Religion og livssyn i lærarens allmenne profesjonskompetanse. I Å være lærer i en mangfoldig skole: Kulturelt og religiøst mangfold, profesjonsverdier og verdigrunnlag 2018, Gyldendal Akademisk: s. 178-195
- Phenomenology as a proto-language in educational empirical research. Pädagogische Erfahrung 2015, Springer: s. 283-298