ST3 – Mentorordning – ei kjelde til korleis studieprogram kan forbetre seg?

POSTER
Tid og sted: 10. desember kl. 09:00 – Aud. 6
Tone Stokka
Universitetet i Bergen
Oppsummering
Mentorane har evaluert korleis dei nye studentane har opplevd studieprogrammet sitt så langt i studieløpet og gitt nyttige tilbakemeldingar på kva som har fungert bra og kva som kan forbetrast til neste år.
Abstrakt
Mentorordning er eit nytt prosjekt ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, Universitetet i Bergen, der eldre studentar er mentorar for nye studentar det første studieåret. Mentorane har hatt jamlege møter med dei nye studentane og fekk i oppdrag å evaluere korleis dei nye studentane har opplevd studieprogrammet sitt så langt. I etterkant blei det arrangert eit kontaktmøte mellom instituttet og mentorane, der eit viktig formål var at utdanningsleiinga og studieadministrasjonen skulle bli informert om korleis dei nye studentane har opplevd sine første månadar på bachelorprogrammet i biologi. Tilbakemeldingane var både på kva som har fungert bra og kva som har forbetringspotensial til neste år, og var alt i alt veldig nyttig for instituttet.