I forkant av semesterstart ved MN

Tone Stokka, studieseksjonen
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, Universitetet i Bergen
I perioden etter at søknadsfristen til samordna opptak har gått ut, og fram til studentane får svar på søknaden sin har dei behov for meir informasjon. I juni blir det derfor sendt ut informasjon til studentar som har eit studieprogram ved MN-fakultetet som første prioritet om blant anna studieprogrammet dei har søkt på, viktige datoar i semesterstarten, kva fagleg bakgrunn frå vidaregåande det er forventa at studentane har osb.
Bakgrunnen for at denne informasjonen blir sendt ut er mangfaldig, blant anna ønsker fakultetet å skape tryggleik hjå dei framtidige studentane om at søknaden deira er under behandling, opplyse om viktige tidsfristar og datoar slik at flest mogleg registrerer seg i forkant og møter opp til semesterstart, i tillegg til å realitetsorientere studentane i forhold til kva som ventar dei som studentar.
Dei nye studentane ved fakultetet vårt registrerer kva emne dei skal følgje det første semesteret i på en egen nettside (se under). Undervisningspåmeldinga stenger i slutten av juli og kabalen med å fordele studentane i klassar basert på studieprogram, emneval og eventuelt alder/kjønn startar for fullt. Det endelege resultatet av dette arbeidet er at studentane kjem til ein ferdig timeplan som er mest mogleg lik timeplanen til dei andre studentane i klassen sin.
Se presentasjonen fra seminaret
Vær en ny kjemistudent og registrer deg på nettsiden