Lenke til presentasjonen
Gunhild Sølvberg, Høgskulen på Vestlandet (HVL), campus Sogndal
Sølvberg jobbar som rådgjevar med studentmobilitet/internasjonalisering. Ei av arbeidsoppgåvene er tilrettelegging av Orientation Programme for utanlandske studentar, som inkluderar samarbeid med andre som held i oppstartsaktivitetar og faddervekene. Sølvberg har tidlegare jobba som studentkoordinator for studentar som tok høgskulestudiar i utlandet, der forventningsavklaring og studentoppfølging var viktige stikkord.
Oppsummering
Norske utdanningsinstitusjonar knivar om å få studentar til sine campusar. I marknadsføringa blir det ofte lagt vekt på ikkje-faglege element, meir enn studieinnhald. Ved å presentere studieinnhaldet tydelegare, vil ein søkar ha større moglegheit for å «treffe riktig» i sitt val av studium og studiestad, som igjen minskar faren for fråfall.
Samandrag (Abstract)
Norske utdanningsinstitusjonar knivar om å få ferske studentar til sine campusar og studieprogram. Nokre institusjonar må promotere seg sjølv meir enn andre, men felles for mange er uansett at institusjonane ofte legg mykje vekt på ikkje- faglege elment i marknadsføringa: Storslått natur på studiestaden, gode fadderopplegg, populære underhaldningstilbod osv. Dette er element som sjølvsagt er viktige i studentkvardagen og vil bidra til om studenten trivst eller ei. Difor er det også naturleg at dei har ein plass i marknadsføringa. Utfordringa er å samtidig klare å formidle nok informasjon om innhaldet i studia. Klarer ein å skape riktige forventningar til studieinnhaldet, ligg mykje til rette for at ein student har eit godt bilde av kva som ventar i studiekvardagen når det gjeld alt frå undervisnings- og evalueringsformer, tal studiekompisar, til moglegheiter og krav til praksis, forsking og utveksling.
Det vil alltid vere studentar som ombestemmer seg undervegs i eit studieløp, og som av ulike grunnar vel å droppe eit studium. Det er naturleg. Samtidig må vi forsøke minske den delen av fråfallet som er negativ for den enkelte og for samfunnet. Med ei god forventningsavklaring og oppfølging som startar allereie før opptak, er det mindre fare for å miste studentar som sluttar fordi studiet ikkje var slik dei trudde det skulle vere.
Ifølgje forskning.no kom det i Tilstandsrapporten for høyere utdanning i 2016 fram at mykje av fråfallet i høgare utdanning er knytt til at studentane vel eit nytt studium. Dersom ein i større grad klarer å få studentane til å velje rett i første omgang, sparer ein den enkelte for mykje grubling og tid, og ein sparer tid og ressursar hos dei aktuelle institusjonane, både administrativt og fagleg.
Ein god og riktig presentasjon av mangfaldet av studia fordrar at dei som jobbar med marknadsføring har tett kontakt med dei ulike fagmiljøa, slik at framstillinga til ei kvar tid er oppdatert og gir eit riktig bilde av kva ein vil møte som student. Det gjeld uansett om presentasjonen er på nett, i brosjyrar eller blir gitt via ein studierepresentant på ei messe. Tette band til rådgjevarar i den vidaregåande skulen er også viktig, sidan dei ofte er nøkkelpersonar for elevar som forsøker finne fram i jungelen av moglegheiter.